Om Vener av Mjøsvågen

Vener av Mjøsvågen er ein ideell medlemsorganisasjon i Hosanger på Osterøy som har som føremål å skapa aktivitet og driva vernearbeid som omfattar handverkstradisjonar, kulturmiljø og landskapet kring Mjøsvågen.


I det verna naust- og verkstadmiljøet rundt Mjøs- vågen har det mellom anna vore kisteverkstader, treskofabrikk, møbelfabrikk, gjerdenotfabrikk, gjørtlarar og smier. Husa vart verna i 2001 og Vener av Mjøsvågen mottok i 2005 Arild Haaland sin vernepris for arbeidet som er gjort for å ta vare på dei unike bygningane og som stimulering til vidare arbeid.

Frå 2008 til 2014 var me med i utviklingsprogrammet LivOGLyst i regi av Hordaland fylkeskommune, Innovasjon Norge, Fylkesmannen m.fl. No på 2020-talet ser me svært gode resultat av dette arbeidet.

Eitt av dei store løfta for Vener av Mjøsvågen har vore bygging av felles toalettbygg med handikapstandard. Her fekk me hjelp av mange gode sponsorar og stor dugnadsinnsats.

Styret etter årsmøtet i 2019 Styreleiar, Lars Mjøs, mobiltelefon 416 28 531, epost: lars@mjos.no Nestleiar, Åse Nilssen. Styremedlemmer: Kjell Mjøs, Stein Magne Låstad og Tommy Kleppe. Varamedlemer: Kari L Mjøs, Aslaug Lønsethagen og Else Røsland.

Her kan du sjå årsmeldinga for 2019-2021.