Historie

Vener av Mjøsvågen har arbeidd for nytt liv i mange av dei historiske handverksbygningene rundt Mjøsvågen. I fleire bygningar er det kome nytt liv og i nokre bygningar kan du få sjå frå tidlegare handverk- og industriproduksjon.


Mjøs historiske metallstøyperi


I nærare 70 år var det 3 metallstøyperi rundt Mjøsvågen, alle med «Mjøs» i namnet. Det som starta først, ca 1865, Mjøs Metallvarefabrikk AS, er i dag ei moderne verksemd med ca 60 tilsette. O M Mjøs (1920-2003) og Nikolai Mjøs (1929-1997) hadde begge på det meste ca 10 tilsette.

Mjøsvågen Landhandleri er i lokala etter metallstøyperiet Nikolai Mjøs og midt inne i butikken kan du få sjå rommet der metallet vart smelta. Her er det samla støyperiutstyr frå alle dei 3 metallstøyperia som syner støypeprosessen. Her kan du og sjå videoar som syner soga til desse metalstøyperia.

Mjøs Metallvarefabrikk. Historie del 1 1865-1928.

Mjøs Metallvarefabrikk. Historie del 2 1928-1970.

Mjøs Metallvarefabrikk. Historie del 3. 1970-2020.

O M Mjøs, metallvarefabrikk. Historie 1920-2003.

Nikolai Mjøs, metallvarefabrikk. Historien 1929-1997.


Hosanger treskofabrikk


Vil du oppleve ein bit av Hordalands industrihistorie, og samstundes få innblikk i eit gammalt handverk? Ta turen til Hosanger Treskofabrikk!.

Osterøy museum har i samarbeid med Vener av Mjøsvågen og Osterøy sogelag dokumentert produksjonen av tresko ved Hosanger Treskoverkstad. Sidan 2004 har ein gjeng frivillige vedlikehalde og drive  dei gamle reimdrivne maskinene frå 1920-talet, og i 2017 vart det eit generasjonsskifte då dei gamle treskokarane gav seg, og en ny gjeng tok over.

Verkstaden er i dag driven i samarbeid med Osterøy museum, og er det einaste av sitt slag som framleis er i drift. På sikt ynskjer museet at verkstaden, gjennom sal og formidling, kan stå på eigne bein, og kanskje produsere meir enn berre tresko?

Heimeside:

https://muho.no/osteroymuseum/hosanger-treskofabrikk 




Kisteverkstader, smie med meir


På det meste var det fem kisteverkstader rundt Mjøsvågen som laga Ostrakister og seinare amerikakoffertar som vart nytta av folk som emigrerte til Amerika. Sommaren 2009 hadde me ei flott kisteutstilling i ei av kisteverkstadene . Etter oppmoding laga me ei ny kisteutstilling i 2010 og 2013. I kisteverkstaden ved siden av treskofabrikken, har me stilt ut ein del gjenstander som syner noko av aktivitetane som har vore rundt Mjøsvågen. Denne utstillinga er open berre for grupper med gaid.

I smia på Kleiva vart det laga hengsel, lås, beslagg mm til kistene. Her vart også smidd utstyr som det var bruk for kringom på gardane.

Du kan laste ned informasjon om kistemakarane i pdf-fil.

Takk til alle som har lånet ut kister.