Den grøne fabrikken

Bygningen blir brukt til aktivitetar innan kunst og kultur. Bygget inneheldt i dag fellesrom, utstilling/kursrom, arbeidsrom, toalett, vaskerom og kjøkken. Utleige for ein dag eller periode etter avtale.

Fabrikken ligg ut i sjøen, i eit historisk og vakkert verkstad/naustmiljø i Mjøsvågen. Staden har ei lang historie tilbake frå 1880. Her har det vore kisteverkstad, møbelfabrikk, møbeltapeteserar, lager, musikkverkstad og no kunstverkstad.

I 2016 kjøpte Else Karin Tysse Bysheim og Lars Magne Bysheim bygget. Etter nokre år med tankar og idear, starta renoveringen hausten 2019. Bygget stod klart april 2020. Det framstår i dag med ein god blanding av gamalt og nytt. Allereie sommaren 2020 vart bygningen nytta som utstillingslokale for Osterøy Kunstlag.

Bygningen skal brukast til aktivitetar innan kunst og kultur. Her kan du leige rom for ein periode for å arbeide med eit prosjekt eller ein ide du ynskjer å teste ut. Eller kanskje du berre treng eit rom for ein dag, til møte, kunst/handverk, kursverksemd, etc.

Det vil bli arrangert ulike kurs/workshop for både born og vaksne.

Ta kontakt for meir informasjon og prisar.

Facebook:

https://www.facebook.com/dengronefabrikken/

Den flytande kunstbadstova Flabellina

Du kan leige badstova anten som privat gruppe eller som dropin.

Ein privat gruppe disponerer badstova for seg sjølv.

Som dropin får du vera saman med andre.


Den flytande badstova Flabellina vart til som er eit kunstprosjekt initiert av Osterøy kunstlag.

Den grøne fabrikken AS har avtale med Osterøy kunstlag om drift av badstova.

I Den grøne fabriken er det både dusj og toalett.


Sjå heimesida https://flabellina.no




Ledig