Friluftsaktivitetar

Berre det å gå rundt i bygda, er ei oppleving i seg sjølv. Her er flott badestrand, flytande kunstbadstove kan leigast og du kan gå kortare og lengre turar m.a. inn i den mystiske Kossdalen og opp på Åsheimveten og Tveitafjellet.


Badeplassen på Sperneset


Badeplass tilrettelagt med stupebrett og landgrunn badefjære med skjellsand. Grasmark og bord og benk. Toalett og parkering ved inngangen til området.




Kossdalsvegen


Den kring 2,5 kilometer lange og 2,5 meter breie Kossdalsvegen blei bygd i perioden 1881-1888, basert på frivillig arbeid, i prinsippet fri grunn, amtsbidrag og kommunale midlar. Vegen avløyste ein sti. Opp Kossdalsskaret var det berre 6-7 svingar. Bygdevegen gjekk mellom Hosanger og Svenheim og 3 andre gardar og hadde som viktigaste funksjon å gje betre tilkomst til sjø etter at det var begynt å gå rutebåt i Osterfjorden.

Kossdalssvingane er det finaste partiet på vegen og er med sine stabbesteinar ei perle i vår vestnorske veghistorie. Her snirklar 17 hårnålssvingar seg 360 m oppover Kossdalsskaret med ei

gjennomsnittleg stiging på 27%.

Kossdalsvegen er bilfri og vert nytta som turveg, til trening og som tilkomstveg til utmarksteigar. I sør er det parkering på Svenheim (få P-plassar). I Hosanger kan du utanom arbeidstida  parkere ved Mjøs Metallvarefabrikk eller ved Hosanger Montessoriskule.

Foto: VisitBergen



Åsheimveten og Tveitafjellet



Du kan gå tur på Åsheimveten eller på Tveitafjellet eller t.d. ein rundtur der du får med deg to toppar med flott fjordutsikt.

Turen begynner på Åsheim. Det er fullt mogeleg å gå frå Hosanger, men du får med deg nokre høgdemeter om du køyrer opp Tveitavegen. Det er parkering ved Åsheim, mot avgift. Turen oppover er godt tilrettelagt, med klopper over våte parti. Stien er lett å følge og godt merkt.

Åsheimveten er eit gamalt vetefjell. Varsling med bål på høge fjell var svært effektivt. Tveitafjellet ligg littt høgare i terrenget.

Omtale av turen finn du m.a. på www.ut.no