Osterøy kunstlag er ein medlemsorganisasjon der alle som ynskjer, kan verta medlem, kr 200,- pr. år. Osterøy kunstlag er også medlem av Norske kunstforeninger.
Osterøy kunstlag har til føremål, - ved utstillingar, foredrag eller på anna vis – å arbeide for å vekkje interesse for og spreie kjennskap til kunst og kunsthandtverk. Kunstlaget ynskjer og på ymse vis å stimulere den skapande verksemda på desse områda i nærmiljøet.
Osterøy Kunstlag er også omtalt som Galleri Mjøsvågen.
Sjå heimesida
Brukskunsthandverk for sal.
Galleributikken finn du i det opprinnelege, gamle Galleri Mjøsvågen bygget, rett ved treskoverkstad og Mjøsvågen Kafe.
Kvar sommar inviterer Osterøy kunstlag ein kunstnar til å la seg inspirere av smia på kleiva og lage ei utstilling.
Copyright © Med enerett