Velkomen til Mjøsvågen

Mjøsvågen ligg i bygda Hosanger på Osterøy berre ein liten time frå Bergen. Opplev kunst, kultur og natur i eit aktivt bygdemiljø.
Organisasjonen Vener av Mjøsvågen legg til rette for gode møteplassar og gode opplevingar.
Mjøsvågen er eit verna naust og verkstadmiljø der me no tilbyr nytt liv i bygningane og områda rundt.